Descripción de la oferta
Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring?Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar 2027 til og med 8. august 2027.Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde. Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad.Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle-eininga. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må òg kunne arbeide på småbarnsavdeling.Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonarLeggje til rette for inkluderande leik, medverknad og meistring i det daglege arbeidetBidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresetteVere ein god rollemodell i møte med barn og vaksneBidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområdeBidra til eit trygt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsetteKvalifikasjonarVi søkjer primært etter deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn kan òg bli vurderte.Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå arbeid i barnehage, særleg med dei yngste barnaGode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegGode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjonPolitiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved dokumentasjon på utdanninga.Personlege eigenskaparTrygg, varm og tydeleg vaksen som møter barna med omsorg og nærværSer alle barn som verdifulle og set barna sine behov i første rekkjeGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerArbeider sjølvstendig og målrettaLøysingsorientert, positiv og engasjertMerksam på barna sine uttrykk og behov, og tilpassar støtta til kvart enkelt barnTek medansvar for eit trygt og inkluderande fellesskap prega av respekt og open dialogPersonlege eigenskapar vil bli vektlagtEit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeidGodt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaerLøn etter gjeldande tariffKommunen kan hjelpe til med å skaffe bustadBedriftsleilegheit i Kristiansand sentrumSvært gode pensjons- og forsikringsordningarGode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupperEi triveleg bygd å bu iAlle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.Besøk gjerne heimesida vår:
#J-18808-Ljbffr